Arriva ALFA Engineering Austevoll kraftlag Austevoll kraftlag
Austevoll Reiselivslag Bekkjarvik Gjestgiveri Tyrkiatannlege District Offshore ASA Tippetue Hordafor Plan Consult
Mørenot Austevoll Marsteinen Opplæringskontoret i Austevoll
Marsteinen Opplæringskontoret i Austevoll

Etter mykje att og fram har Bekkjarvik gjestgiveri no gått inn for å kjøpa opp PO-senteret på Selbjørn. Bygget vil fungera som ei utviding av hotellet og vil verta brukt til overnatting.

– Etter å ha tenkt oss nøye om bestemde me oss for å kjøpa bygget. Me ser eit stort potensiale i dette prosjektet, fortel Øystein Johannessen til Marsteinen.

 Godt tilrettelagt

PO-senteret ligg godt til rette slik at familien Johannessen ved Bekkjarvik gjestgiveri kan leija ut romma til overnatting. Men dei kan slå fast at samarbeidet dei har med Inge Halstensen vil fortsetta framover som før.

– Dette er noko me har planlagt ei god stund før me bestemte oss for å gå for kjøpet. Etter nøye gjennomtenking fann me ut at det passa både med omsyn til økonomi og plassering. Sidan bygget er såpass nært kan me få til ein fin logistikk, fortel Øystein som legg til at han gleder seg til å ta i bruk romma.

Vidareutvikling av hotellet

Men det er eit par ting som skal på plass før dei kjem i gong. I fyrste omgang skal papira vera i orden.

– Me vil byrja med å pussa opp, men den nye delen vil me nok få i drift ganske fort. Me reknar med å ha overtatt bygget ved utgangen av mars, fortel Johannessen.

Familien kan fortelja at kjøpet er ein del av eit større prosjekt som dei har jobba med ei tid.

– Det blir spanande. Dette blir ein vidareutvikling av det me allereie har jobba med, seier Øystein.

Som Marsteinen har skrive om for nokre veker sidan held dei på med utbyggjing av kjøkken, garderobar og toalett. At det blir meir liv på gjestgiveriet framover skal ein ikkje sjå vekk frå no som dei to sønene i familiebedrifta etter kvart kjem heim.

Snøggbåten redda?

Snøggbåten redda?

Kjølvassfara etter snøggbåten til og frå Bergen, vil etter alt å dømma verta å fina i Austevoll òg etter at dagens ambodskontrakt går ut.
Tilbodet til reisande med snøggbåt frå Sunnhordland/Austevoll til og frå Bergen ser ut til å verta berga av politikarane. På SMS frå samferdselsutvalet sin leiar, Gustav Bahus (Frp), får Marsteinen melding om [...]

Heile saka
Danseglede blant UKM-påmeldte

Danseglede blant UKM-påmeldte

Mona Hausberg og Hjørdis Thomsen nyttar kvart ledig sekund til å finpirka på dansen til årets UKM. På laurdag skal dei visa fram sine beste moves og sprell innan hip-hop.

Heile saka
Magi i gamalt jern

Magi i gamalt jern

Ved Båtabakkjen i Bekkjarvik, midt i mellom slyngplanter og overgrodde buskvekstar finn du eit lite raudt hus med knuste glas. Ingen veit heilt når den vetle smia vart oppført. Ho har betydd meir for Bekkjarvik enn folk flest anar.
Det fyrste som møter Marsteinen når døra går opp i gamlesmia er synet av den gamle smiegrua. [...]

Heile saka
Oppdatert: Alvorleg skadd etter ulukke ved Møkster

Oppdatert: Alvorleg skadd etter ulukke ved Møkster

Sea king redningshelikopter i aksjon i Møkstrafjorden. Foto: Mona Mørk.
Ein 29-åring var funnen livlaus i sjøen utanfør Møkster sundag. Onsdag kl 13 vart mannens helsetilstand oppdatert frå kritisk til alvorleg skadd av Haukeland universitetssjukehus. Mannen skal ha falt i sjøen frå ein 22-fots stor plastbåt, i fylgje ba.no. Tilstanden hans var lenge uavklart, og leitemannskap [...]

Heile saka
Brøytebil sperra eine feltet på Hufthamar

Brøytebil sperra eine feltet på Hufthamar

I to-tida fredag stod ein brøytebil fast i grøfta ved innkjørsla til Huftamar ferjekai. Stillinga på bilen gjorde til at eine kjørefeltet vart heilt avsperra, og ferjetrafikken vart tvungen over i motgåande kjørefelt. Trass i jordsmonn utan leire og mykje fjell i Austevoll har nedbørsmengda i haust og vinter gjort sitt.
– Me har ikkje sett [...]

Heile saka

AIK sine treningskampar før sesongstart

A-laget møter desse motstandarane i oppkjøringa til avspark i tredjedivisjon:
11.02 Stord- AIK
18.02 Vard- AIK
10.03  AIK- Sotra
17.03 Nest-Sotra- AIk
19.03 Brann 2- AIK
24.03 Fyllingsdalen – AIK

Heile saka
85 prosent høgare ulukkesfare

85 prosent høgare ulukkesfare

Trass i overveldande statistikk vel fleire og fleire å gå ut utan refleks langs dei mørke vegane i Austevoll. Men me er akkurat like mjuke når me skal rett ut og lufta hunden som når det er joggetur.
På smale vegar med regn på ruta og høg fart er det ikkje lett å sjå mykje i [...]

Heile saka
Vil bremsa vektutviklinga blant unge

Vil bremsa vektutviklinga blant unge

Helsesøstertenesta, fysioterapitenesta og folkehelsekoordinatoren har gått saman om eit prosjekt; å hjelpa overvektige barn og unge gjennom treningstilbodet Frisk og rask.
Overvekta i Noreg aukar og ryktet vil ha det til at me er på god veg mot å bli som amerikanarane. No tek helsesøstertenesta, fysioterapitenesta og folkehelsekoordinator saka i eigne hender og startar opp eit [...]

Heile saka
Hjelpa du ikkje ynskjer på nokon

Hjelpa du ikkje ynskjer på nokon

På felleskontoret til PPT og psykiatrisk helseteneste finn du òg Austevoll sitt kriseteam. Dei personifiserar all støtte og assistanse du treng når ulukka råkar deg eller dine. I papirutgåva vil du sjå korleis deira arbeid fortonar seg i eit lite miljø som Austevoll, og kva hjelp ein kan få når ein finn seg i naud.
Else [...]

Heile saka