Om Rababgasten

Eit godt arbeidsmiljø er alltid viktig på ein arbeidsplass. I ein barnehage er det ekstra viktig! Dersom me vaksne ikkje har det godt i lag, smittar det lett over på barna. Heldigvis har me vaksne i Rabbagasten barnehage det veldig kjekt i lag! Humor pregar kvardagen, men me er også der med trøst og godord dersom nokon skulle trenge det. Me er nokså samensveisa og kjenner kvarandre godt.

Personalsamarbeid:
I denne barnehagen er det viktig at alle vert høyrt og får kjensla av å bli sette pris på. God kommunikasjon er svært viktig.
Me prøver på å ha avdelingsmøte kvar mandag, medan styrar og ein av assistentane har samlingsstund. 1 gong i månaden har me personalmøte der alle dei ansatte deltek (elefanten og vaskarane pleier å få sleppe).
Pedagogiske leiarar og styrar har møte kvar torsdag.

Elefanten:
Han er sånn ca den einaste mannlege tilsette me har her i barnehagen. Han er litt sjenert, men likar veldig godt prosjekta me driver på med, og ikkje minst bursdagar! Det er ikkje så ofte me ser han, men han klatrar av og til ned i frå loftet sitt når me har samling, og legg noko lurt til oss ute på gangen. Han er
veldig kreativ, og har ofte nokre oppgåver på lur til oss. I desember plar han å ta ferie. Då reiser han til familien sin i Sri Lanka. Julenissen plar å få låne loftet hans då.

Bursdagsfeiring:
Me i Rabbagasten likar godt å feire bursdagar! Elefanten også. No skal du få høyre korleis me feirar slike spesielle dagar:

Turar

Me i Rabbagasten er veldig glade i å gå på tur! Me er heldige som har så mange og ulike stader å gå tur til.

Speiderskogen

Denne staden er rett over vegen for barnehagen. For nokre år sidan laga speidergruppa på Selbjørn ein flott gapahuk og lsengedisse. Dette benyttar me i Rabbagasten oss av, og kosar oss i dette fine naturområdet.
Det er ein flott stad å vere på, for store og små. Små føter får øve seg opp ved å gå i ulendt terreng.

Grøno
Det er slengdisse der også. Også er det ein slik bakke der som me kan rulle nedover. Også er det nøttetre der. Me kosar oss i Grøno! Ofte går me lenger inn,litt rundt og litt opp. Då kjem me til enda ei slengdisse, ein gamal uteflor, og ei veldig spanande maurtue.

Stranda
Me har fleire små strender i nærleiken av Rabbagasten. Når det er fint sommarvèr, og det er nok bemanning, tek me på oss redningsvestane og går ned der for å sjå etter krabbar, bade og kose oss.

Øvre Veivåg
Dette er også ein spanande plass der me kan sjå sauer, disse og kose oss i flott natur.

Akebakken
Eit bitte lite stykke i frå barnehagen har me ein stor akebakke som me nyttar kvar gong det er snø nok til å ake. Her likar me oss både store og små.