Sikkerhet
Det er viktig for alle i Rabbagasten at barnehagen skal vere ein trygg og god plass å vere. Her kan de lese litt om korleis me arbeider med sikkerhet i barnehagen:
VERITASGODKJENNING
Rabbagasten er Veritasgodkjent. Dette er me veldig stolte av! For å få ei slik godkjenning må me ha godkjente beredskapsplanar. Dei tilsette må ta førstehjelpskurs annakvart år. Leikeapparata må vere godkjende av Veritas. Fallunderlaget må vere godt nok. Tre, berg og anna naturleg i uteområdet vårt må vere i forsvarleg stand. Me må ha rutiner på dagleg, vekentleg og årleg sjekk av uteleikeområdet. Og mykje mykje anna.
Tryggleik på turar:
Me tek alltid med oss førstehjelpsveske, telefonliste og telefon på tur. Barna får alltid på seg refleksvest slik at dei er godt synlege i trafikken, og slik at det er lettare for oss vaksne å halde auge med dei.
FØRSTEHJELP:
Personalet må ta førstehjelpskurs annankvart år.
Førstehjelpsutstyr er alltid tilgjengeleg, i barnehagen og på tur.
Me sjekker jamnleg at det er tilstrekkeleg utstyr i førstehjelpsveskene.
BRANNTRYGGLEIK:
Me har rutiner på branntryggleik som er godkjent av brannsjefen.
REFLEKSVEST:
Barna må alltid ha på seg refleksvestar når me er på tur. Dei er meir synleg i trafikken og i marka når dei har på seg slike vestar. Vestane er merka med namn og telefonnummer til barnehagen.
REDNINGSVEST:
Når me er ved sjøen har barna alltid på seg redningsvest.