Me leiger ut nokre av våre lokale til selskap, runde dagar, bryllaup, og konfirmasjonar.
Me har aldersgrense på 25 år for leige av huset. Nøkkel til huset kan hentast hos Henriette om fredagen etter kl 18.00. Kjøkenet er velutrusta med alt ein treng, industrioppvaskemaskin, komfyr, kjøleskap, frysar og vassautomat.
Nytt i fjor er segl i taket på gymsalen for å dempe ekkoet og gje salen eit intimt preg ved å senke takhøgda, noko som har vore vellukka. Me har servise til 100 personar, glas, fat, skåler og alt som høyrer med til ein vellukka fest. Dessutan har me flagg som kan heisast på den store dagen.
Me har stort asfaltert inngjerda område med leikeapparat, sandbasseng, plen, blomsterbed, terrasse, hagebenker, markise og flaggstong. Ved bryllaup kan de gjerne leiga eit ekstra opphaldsrom, der det er gåvebord og salongar for dei som treng å sitja og nyta kaffi i fred og ro. Me leiger også ut dukar til private og verksemder. Avtalen er då at dei blir henta hos oss vaska, og nystrokne. Etter bruk skal dei sendast til vask hos ASV og deretter leverast tilbake til oss snarast og innan 1 veke. Leigar må sjølv betale for vask/rens. Skal de ha selskap heime, kan de leige bord og stolar til ein rimeleg penge.
Utleige prisar 2007-2008
Leige av gymsal, kjøkken, toalett, garderobe, servise, dukar, bord og stolar 2000 kr Leige av gymsal, kjøken, toalett, garderobe, servise, dukar, bord,
stolar og ekstra opphaldsrom 2500 kr
Leige av opphaldsrom til årsmøte, generalforsamlingar 1/2 dag 500 kr
Utleige av kvite dukar (fleire nye dukar er kjøpt inn) 200 kr
Utleige av bord og stolar 1-20 stk. 200 kr 21-60 stk. 300 kr
All henvending ang leige eller omvisning kan skje til Henriette på mobil. 91 88 93 58
NB: Huset er utleigd til:
Selbjørn-konfirmasjon 2009 |
|
|